A—Å

Visuell identitet

Talentech

Med Adrian Wollum Hansen

I 2019 fusjonerte fire av dei ledande HR-tech selskapa i Europa til eitt samla selskap. Fire individuelle selskap som over fleire år har levert dei beste verktøya for ulike delar av ein total rekrutteringsprosess. Som eitt selskap kan dei no tilby sine kundar ein breiare plattform med digitale tenestar for å nytte viktige HR-prosessar. Talentech gjer rekrutteringsprosessen enklare med sine verktøy.

Den visuelle identiteten er konseptualisert rundt denne verdien, og kommuniserer nettopp at prosessen frå A—Å blir enklare med Talentech. Logosymbolet er ei visualisering av prosessen, samtidig som det dannar forbokstaven i navnet. Når logosymbolet blir dratt ut i lengden, dannar det ei tidslinje som blir brukt i alt av videoinnhald og karusellar. På denne måten blir dei som ser innhaldet ekstra oppmerksom på kor i prosessen dei er.